logo
Leige minilagerInfoOm ossKontakt

Informasjon

Personvern

Personvernerklæring for Storfjord Minilager

Sist oppdatert: 01.08.2026


1.  Innleiing

Storfjord Minilager er oppteke av å ta vare på personvernet ditt. Denne personvernerklæringa forklarer kva personopplysningar vi samlar inn, kvifor vi gjer det, og korleis opplysningane blir behandla.

Storfjord Minilager er marknadsnamnet til Brødrene Valde Eigedom AS (org.nr. 918 536 906), som er behandlingsansvarleg for personopplysningane.

Har du spørsmål om personvern, kan du kontakte oss:

E-post: post@storfjordminilager.no

Telefon: 481 72 036

2.  Kva personopplysninger vi samlar inn

Når du bestiller eller leiger ein lagerbod hos oss, kan vi registrere:

  • Namn
  • adresse
  • telefonnummer
  • e-postadresse
  • fødselsdato eller fødselsår
  • betalingsinformasjon
  • ordre- og leigehistorikk
  • kommunikasjon mellom deg og oss

Vi behandlar berre personopplysningar som er nødvendige for å levere tenestene våre.

3.  Kvifor behandlar vi opplysningane

Vi behandlar personopplysningar for å:

  • administrere bestillingar og leigeavtalar
  • gjennomføre betalingar
  • gi tilgang til lageranlegget
  • kommunisere med deg som kunde
  • oppfylle krav etter rekneskaps- og anna lovgiving

4.  Deling av personopplysningar

Vi sel eller vidareformidlar ikkje personopplysningane dine til andre.

Opplysningar kan likevel bli behandla av leverandørar som leverer tenester på våre vegner, til dømes bookingsystem, betalingsløysingar eller tekniske driftstenester. Slike leverandørar behandlar berre opplysningane i den grad det er nødvendig for å levere tenesta.

5.  Lagring av personopplysningar

Personopplysningar blir lagra så lenge det er nødvendig for å administrere leigeforholdet eller så lenge vi er pålagde å oppbevare opplysningane etter lov.

Når opplysningane ikkje lenger er nødvendige, blir dei sletta eller anonymiserte.

6.  Dine rettigheitar

Du har rett til å:

  • be om innsyn i personopplysningane vi har om deg
  • be om retting av feilaktige opplysningar
  • be om sletting av opplysningar der lovverket gir rett til det
  • be om avgrensing av behandling
  • protestere mot behandling i dei tilfella lovverket opnar for

Du kan òg be om å få avslutta brukarkontoen din. Merk at enkelte opplysningar må oppbevarast så lenge lovverket krev det.

7.  Informasjonskapslar (cookies)

Nettsida vår bruker informasjonskapslar for å sikre nødvendig funksjonalitet, forbetre brukaropplevinga og samle inn anonym statistikk om bruken av nettsida.

Du kan sjølv administrere eller blokkere informasjonskapslar gjennom innstillingane i nettlesaren din.

8.  Kontakt

Har du spørsmål om denne personvernerklæringa eller behandlinga av personopplysningane dine, kan du kontakte oss:

Storfjord Minilager
Brødrene Valde Eigedom AS
Vallevegen 21, 6260 Skodje

E-post: post@storfjordminilager.no
Telefon: 481 72 036


logo
© Brødrene Valde Eigedom2026 | Org nr 918536906
PersonvernVilkårKontakt oss
post@storfjordminilager.no48172036
Powered bySharefox